Vi gratulerer Nina Lykke, Torgrim Eggen, Martin Ernstsen, Ane Barmen og Edvard Hoem med Bragepris!

Vi gratulerer Nina Lykke, Torgrim Eggen, Martin Ernstsen, Ane Barmen og Edvard Hoem med Bragepris!

Edvard Hoem vant hedersprisen:
– Jeg kom hit av en annen grunn. Og hvordan forventer kona mi at jeg skal stole på henne etter dette, spurte en tydelig beveget Hoem da han under kveldens festforestilling mottok Brages Hederspris. Han har vært en en av våre mest profilerte forfattere gjennom fem tiår.
– Den største glede ved siden av barna mine og kjærligheten jeg opplever innimellom, er å sette meg ved pc-en og arbeide hver dag, la han til.

Juryens begrunnelse: «Vinnaren av Heidersprisen 2019 har sagt om seg sjølv at han er svært var for stemningar og misstemningar, og at det er desse stemningane som er hans litterære råmateriale.
Heidersprisvinnaren har skrive uforgløymelege portrett av menneske, deira liv og virke, og han har ei eiga evne til å skildre gleda og slitet i all slags arbeid, til å utforske sosiale klassar og vise nyansane i ulike menneskeliv.
Heidersprisvinnaren har ei heilt eiga omsorg for karakterane sine, og han lar dei aldri stå fram som berre det eine eller det andre. Det er sagt om romanane til heidersprisvinnaren at dei er eit synleggjeringsprosjekt, at dei gir ei stemme til dei som ikkje har det.
Forfattaren viser stor solidaritet, ikkje berre som forfattar, men også som eit samfunnsengasjert menneske.
Årets heidersprisvinnar har rokke over mykje og har ein svært imponerande produksjon bak seg, som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar, og han har dei siste åra hatt ikkje berre årlege, men også svært omfangsrike, utgivingar. Forfattaren vi skal heidre her i kveld, har også vore husdiktar, dramaturg og teatersjef.
Brages heiderspris går til ein person eller institusjon som i kraft av gjerninga som forfattar eller omsetjar, eller på andre måtar, har medverka til å auke spreiinga av eller forståinga for litteratur, eller til å betre kvaliteten på norsk skriftkultur.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.